Vedtekter

Vedtekter i pdf-format

Vedtekter for Indre Hafslo Bygde- og Ungdomslag, skipa 13. mai 2011.

§ 1 Namnet på laget:
Indre Hafslo Bygde- og Ungdomslag er ein samanslåing av tidligare Indre Hafslo Ungdomslag som vart skipa i 1893 og Indre Hafslo Bygdalag stiftet i 1986. Indre Hafslo Bygde- og Ungdomslag er ein sjølveigande organisasjon.

§ 2 Føremål og arbeidsfelt
Indre Hafslo Bygde- og Ungdomslag skal vera eit felles organ for bygdefolket. Målet vårt er at bygda skal vera attraktiv og god stad å bu, både for barn og vaksne.

1. Skal vera ein pådrivar for gjennomføring av felles prosjekt og utvikling av nye felles tiltak i  bygda.
2. Medverke til utvikling av lokalt næringsliv.
3. Utvikle nye trivselstiltak.
4. Skal vera eit felles talerøyr for lokalsamfunnet
5. Påverke lokale myndigheiter ut frå lokalsamfunnet sine interesser.
6. Skal vera ein pådrivar og koordinator for fellestiltak i bygda
7. Skal ha ansvar for drift og vedlikehald av private forsamlingshus i bygda

§ 3 Medlemskap
Alle som bur i bygda kan vera medlem i bygdelaget, betalt kontingent gir røysterett på årsmøtet, og kontingenten skal fastsetjast for familiemedlemskap og for personlege medlemmar.

§ 4: Årsmøtet
Årsmøtet er Indre Hafslo Bygde-og Ungdomslag sitt høgste organ, og skal haldast kvart år innan utgangen av februar.

Årsmøtet skal innkallast med minst 3 veker varsel og godt kunngjerast. Saklista skal vera offentleg og vert gjort kjent ved formell innkalling.

Framlegg til nye årsmøtesaker skal vera styret i hende seinast 3 veker før årsmøtet . Styret skal handsama alle saker som vert lagt fram for årsmøtet, og gi si innstilling. Det skal skrivast årsmøteprotokoll.

Myndigheit og oppgåver til årsmøtet :
1. Opning av leiar
2. Val av ordstyrar.
3: Godkjenning av innkalling og saksliste.Konstituering. Val av referent og to  personar til å skrive under møteprotokoll.
4. Årsmelding.
5. Årsregnskap.
6. Vedtektsendringar
7. Fastsetjing kontingent. Fastsetjast eitt år i forkant dvs.: i 2011 vedtek de kontingenten for 2012 og krav om innbetaling av kontingent skal alltid sendast ut før årsmøtet – betalt kontingent gir røysterett på årsmøtet.
8. Handlingsprogram og budsjett for komande år.
9. Val av leiar for 1 år og val av 10 styremedlemmar for to år, der 5 er på valg kvart år.
10. Val av valnemnd på tre personar , breiast mogleg samansett både m.o.t. kjønn og alder. Nemnda vel sjølv leiar.
11. Val av to revisorar for to år, der ein er på valg kvart år. Revisorane kan ikkje vera i nær slekt med nokon av styremedlemmene, sambuarar eller ektefelle.
12. Innkomne saker.

§ 5 Ekstraordinære årsmøte
Ekstraordinære årsmøte skal haldast når styret bestemmer det, eller minst ein tredjedel av dei medlemmane med stemmerett krev det.
D
et skal kallast inn på same måte som for ordinære årsmøte med minst 14 dagars varsel.

§ 6: Styret
Styret konstituerer seg sjølv, og vel:
*nestleiar med ansvar for planarbeid,
*kasserar med ansvar for økonomi, sekretær,
*ein styremedlem med ansvar for informasjon og
*ein styremedlem med ansvar for fellesarrangement o.l.

Styret er vedtaksført når minst 50 % av styre medlemmane er til stades. Ved likt stemmetal i styret, har leiaren dobbelstemme. Styret bør vera breiast mogleg samansett både m.o.t. kjønn og alder.

I styret er det leiaren og kasseraren som har rett til å skriva under på vegne av Indre Hafslo Bygde- og Ungdomslag.

Styret kan oppnemne dei prosjektgrupper og undergrupper det finn nødvendig.

Vedtekter av 13.mai 2011 med endringar vedteke på årsmøtet 9.2.2017.